Bentsens Hus åpnet
Bentsens hus vart offisielt og høgtideleg opna på sjølvaste kulturminnedagen 11. september. Etter trompet- og trommefanfare vart publikum ynskt velkomen av leiaren i byselskabet, Guri Paulsen, som òg hadde regien for denne fantastiske tilskipinga.
Kulturdirektøren heldt ei lita tale på trappa av Bentsens hus i høve opninga på sundag. Til høgre kan ein sjå det europeiske kulturminneflagget.
Du skal ikkje stille ditt ljos under ei skjeppe, sa kulturdirektør Stein Tore Sorthe i si tale til dei mest 150 frammøtte i Kronprinsensgt. 59. Han var stolt og glad for at huset no vart ivareteke av foreiningar som nytta huset som sitt brukshus – og kunne vere til glede for folk som kunne tenkje seg å kome innom dette vesle lokalhistoriske senteret.
Stein Tore Sorthe fekk ein velfortent blome av Beint Foss på vegner av brukargruppa i Bentsens hus.
Dette er eit godt døme på flott samarbeid mellom kommunen og friviljuge organisasjonar – og det er ikkje tilfeldig at kulturdirektøren vart takka av brukargruppa for kulturhuset ved Beint Foss, leiaren i Agder Historielag. For Sorthe var den som tok initiativet til dette samarbeidet – som no har ført til kontor for DIS (digital slektsforsking i Vest-Agder) og Agder Historielag i det tidlegare guterommet til Leif John Bentsen, sonen av John Ben Bentsen, som gav eigedomen til kommunen for mange år sidan.
Leif John Bentsen avduka namneskiltet på Bentsens hus – til minne om sin far, John Ben Bentsen, som for mange år sidan gav eigedomen til Kristiansand kommune.
Leif Bentsen stilte viljug opp til å vere den som avduka eit vent minneskilt på veggen på Bentsens hus, i blått med kvit skrift. Han gav dessutan til kjenne ymse episodar og anekdotar frå livet i Bentsens hus der far hans hadde budd i 94 år, som til dømes då hanen rømde og fann seg ein hønsegard nedi Skippargata som ikkje hadde hane. Bentsen meinte huset låg som ei perle i Posebyen – og gledde seg stort over denne dagen, at huset var så flott pussa opp og no var i aktiv bruk.
I den eine stova sat det eit utruleg flott tablå frå Det Dramatiske Selskab, fv. Mariann Stene, Aud Stenberg, Berit Iversen og Ruth Halaas.
Leif Bentsen møtte sin gamle kamerat Ivar Berglihn (tv) på kjøkenet på Bentsens hus og mimra om gamle musikkdagar; båe var i si tid byens einaste oboistar.
Posebyen Vel, Vest-Agder Fortidsminneforening, Thaulows hus, Christianssands Byselskab, DIS og Agder Historielag var alle til stades for å vise fram sine bøker/hefte og brosjyrar. Dei tykkjer alle saman det er eit fantastisk hus å halde til i – rett og slett eit hus med sjel. Nett sjela fekk publikum eit lite innblikk i ved hjelp av Det Dramatiske Selskab og barne- og ungdomsteatret i byen, som hadde kledd både unge og gamle opp i klede frå 1800-talet. Drikkescener, epleskrelling, rampestrekar og soldatmarsjering var blant tinga publikum fekk ta del i.
Ungane frå barneteatret gjorde stor lukke i sine kostyme, fv. Johannes Fatland Skeie (14), Julian Jernes (9) og Lise Lilletun Christensen (15).
Det var fullt av folk og god stemning i bakgarden på opninga av Bentsens hus.
To gullgode kjøkenjenter syrgde for god mat og drikke i enden av køyreporten, fv Britt Albrecht i byselskabet og Wenche Rosenløv frå Posebyen Vel.
Vaflar, kaker, kaffi og saft høyrde heime i bakgarden – som låg som ein herleg oase mellom køyreporten på den eine sida og vognskjulet på den andre. Det var med gode, lokalhistoriske kjensler publikum byrja på heimvegen etter tre timar med Bentsensk husatmosfære.
Tekst og foto: Borghild Løwer